Brubekken gard

Vi inviterer til inspirasjonsmøte

Framtidsbonden Stein Brubæk er kjend for sitt store engasjement for best mogleg bruk av landbruket og bygdene sine ressursar.

Stein driv garden og gardsysteriet Brubekken ved Sunndalsfjorden i Møre og Romsdal. Her produserer dei ost, smør og rømme av mjølk frå 8 mjølkekyr og 30 geiter. Seterdrift har dei og. I tillegg foredlar dei kjøt av eigne dyr og driv eit bakeri.

 

Målgruppa for møta er først og fremst bønder som tenkjer på eller har planar om å foredle produkt frå garden, men møta kan og vere nyttig for rådgivarar og andre landbruksinteresserte.

 

Møteserien går over heile fylket, nokre møte er på dagtid, andre på kveldstid.

 

Her kan du høyre og snakke med Stein Brubæk:

18. februar kl 11:00 - 14:00 Laksebørsen, Bjerkreim sentrum
18. februar kl 19:00 - 22:00 Heskestad samfunnshus, Ualand
19. februar kl 12:00 - 15:00 Nesflaten, Øvre Suldal
19. februar kl 19:00 - 22:00 LMT, Garaneset, Sand
20. februar kl 19:00 - 22:00 Høiland gard, Årdal
21. februar kl 19:00 - 22:00 Nesheimstunet, Nedre Vats

 

For meir informasjon, kontakt astrid.brommeland@suldal.kommune.no , 957 48 637.

 

Inspirasjonsmøta er gratis! Hjarteleg velkomne!

 

Arrangørar er Bedriftsutvikling i ytre Ryfylke, Bygdeutvikling i indre Ryfylke, Lund næringsutvikling, Bjerkreim kommune, Vindafjord kommune, Utvalde kulturlandskap Suldal og Fylkesmannen i Rogaland.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut